Ren Idrett

https://www.idrettsforbundet.no/om-nif/personvern-i-idretten/

Hva er personvern?

Personvern er retten til et privatliv og retten til å bestemme over egne personopplysninger.

Personopplysninger er opplysninger og vurderinger som kan knyttes til en enkeltperson.

https://www.idrettsforbundet.no/om-nif/personvern-i-idretten/maler/




Sportslige Målsettinger

 Fotball:

Fotball Brusand IL har i dag ei stor fotballgruppe som driv det bra på mange område. Brusand idrettslag har lange tradisjonar for fotball, og har drive med det sidan starten av laget i 1919. Målsetjinga for fotballgruppa: - Kunna gje eit tilbod til alle mellom 6 og 18 år av begge kjønn i aldersbestemte klassar - All fotball og barneidrett skal drivast etter NIF og NFF sine retningslinjer - Det bør vera eit mål å få flest mogleg unge spelarar frå eigen klubb til Alaget/damelaget. Men spelarar utanfrå som ønskjer å vera med, skal alltid vera velkomne - Heile klubben må arbeida for at yngre klassar skal fortsetja fram til seniornivå. - Klubben bør aktivt melda på spelarar med gode ferdigheitar til sonesamlingar - Minst to lag i aldersbestemte klassar bør delta i ei større sportsleg turnering - A-laget bør ha som mål å rykkja opp til 4. divisjon, og etablera seg der - På juniornivå skal det vera påmeldt lag etter kor mange spelarar det er innom den aktuelle årsklassen, og det er svært viktig å ha eit rekrutteringslag som fangar opp dei som fell utanfor A-laget - Ha eit best mogleg samarbeid med dei andre gruppene i laget, særleg i overgangane mellom sesongane - Utanom desse hovudmåla, må fotballgruppa utarbeida målsetjing/aktivitetsplan for dei einskilde laga for sesongen.

 Håndball:

Brusand IL har i dag ei handballgruppe som starta opp i 1996. Målsetjing for handballgruppa: - All handball og barneidrett skal drivast etter NIF og NHF sine retningslinjer 3 - Å skapa eit sosialt og godt miljø innan handballgruppa og i idrettslaget - Skapa eit miljø i Ognahallen/kafeen, der både eldre og yngre kan møtast - Handballgruppa skal gje barn eit tilbod når dei er ferdige innan Idrettsskulen - Ta sikte på å stilla lag i serien innan dei aldersbestemte gruppene - Få etablert eit a-lag til seriespel - Trenar med erfaring frå handball til alle gruppene, pluss å gje trenarar og oppmenn kurstilbod - Utdanna dommarar etter kretsen sine krav - Forsøka å få i gang ei inntektsbringande turnering

 Barneidrett:

Dei siste åra har både fotballen og handballen starta med trening for seksåringar. Dette har vore ei utvikling rundt på Jæren, som det har vore naturleg å følgja med på. Det har altså ikkje vore eit klart mål. Det har ført til mindre aktivitet i barneiddretten. Barneidretten skal vera eit tilbod til dei minste, frå fire til seks år. Det skal vera eit tilbod som er spanande og sosialt (også for foreldra), og allsidig. Trivsel er eit nøkkelord. Gjennom barneidretten skal vi freista å engasjera både barn og foreldre, og rekruttera framtidige leiarar blant foreldra. Gjennom barneidretten får mange foreldre sitt første møte med idrettslaget.  


Levert av IdrettenOnline